fredag 14. oktober 2016

Endeleg framme...

NB! No som vi har fått internett i leilegheita vår, kan vi endeleg blogge. Vi skulle gjerne gjort det før, men vi har ikkje hatt samstundes tid og internett til det.

Vi er framme i Brasil. Du veit det landet som utgjer sånn halve Søramerika, som var vertskap for dei olympiske leikane i år, der dei snakkar portugisisk, dei som fann opp samba og sandvolleyball, og som Noreg aldri har tapt mot i fotball. Det landet er der vi no er.

Det var ein lang flytur, men vi overlevde. Første dagen var vi São Paulo. Der gjekk vi på hovudkontoret til ABUB (Aliança Bíblica Universitária do Brasil), systerorganisasjonen til Laget. Det er ikkje akkurat Holbergs plass, men eg sat igjen med same kjensla. Vi gløymde å ta bilde av det, men det var ein veldig kul plass. Visste du forresten at ABU ein gong var kopirettshavar for Narnia-bøkene i Brasil?
Resten av dagen brukte vi på å henge i São Paulo.

Berre for å få det sagt: São Paulo er svært!! 20 millionar bur i storbyområdet. Dette seier vi ikkje for å liste opp tørre fakta; det mest apte ordet for kjensla vi hadde på nest høgste bygget i byen er engelske «awe»!


Hus og hus så langt auga kan sjå!

Neste natt brukte vi på nattbussen til Juiz de Fora. Men just når vi hadde kome heim, skulle vi rett på leir. Masse fine folk! Her frå når vi tok turen innom universitetet i Viçosa. Det var veldig gøy, men veldig intenst; på måndag var vi heilt utkjørte.





I kvardagen (vi byrjar etter kvart å kome inn i ein) går veldig mykje av tida til å lære portugisisk, e já falamos um pouco de português. Vi har ni timar i veka med portugisisk.


Her om dagen vart vi inviterte til bible studies hos nokre amerikanske misjonærar. På Hald har vi lært om African time. Etter det vi har sett er det ikkje så "gale" i Brasil, men vi kjende oss veldig norske når vi såg på klokka når vi kom fram og såg at vi var komne på tida 1900. Brasilianarane kom kring ein halvtime seinare.

Alt i alt har vi det ganske fint her i Brasil. 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar